Back to All Events

Johan Turi @ Roavvenjárga

Čájálmasmátki/Turnérute:
Snåase/Snåsa 12.09. – Hábmer/Hamarøy 14.09. – Romsa/Tromsø 16.09. – Olmmáivággi/Manndalen 18.09. – Kárášjohka/Karasjok 21.09. og 22.09. – Deatnu/Tana 24.09. – Vuonnabahta/Varangerbotn 25.09. – Ohcejohka/Utsjoki 26.09. – Anár/Inari 27.09. – Roavvenjárga/Rovaniemi 30.09. – Kemi 01.10. – Pajala 02.10. – Johkamohki/Jokkmokk 03.10. – Čohkkiras/Jukkasjärvi 05.10. – Áltá/Alta 09.10. – Ráisa/Storslett 11.10. – Guovdageaidnu 16.10. og 17.10.

"Johan Turi" er ei forteljing om korleis eit møte kan endre eit liv, og ei bok kan endre synet på eit heilt folk.
Johan Turi har ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre århundre blei samane sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om deira levesett, og på den måten påverke styresmaktene til å endre sitt syn på samanes livsførsel. På ei togreise gjennom Skandinavia møter han konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukker den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp. Kan Lundbohm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.

Av: Harald Gaski og Gunnar Gjengset. Bearbeidet av Frank Jørstad og Kristian Lykkeslet Strømskag.

Skodespelarar: Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Inga Marja Sarre. Foto: Johan Mathis Gaup.

Scenespråk: Nordsamisk
Framsyninga blir teksta til norsk

mer info/billetter: beaivvas.no

Earlier Event: September 29
Jienat og Kajsa Balto @ Oslove